regjeringa pressekonferanse krisepakke'

 

Ordninga vil omfatte forbruk i månadane desember til og med mars og gjeld for straumforbruk opp til 5000 kilowattimer per månad. Hytter og fritidsbustadar er ikkje omfatta av ordninga.

Orndinga skal  av nettselskapa og gjeld uavhengig av kva type straumavtale ein har. Ordninga gjeld også for dei som allereie har fått auka bostønad.

Fakta om regjeringa si straumordning

  • Hushaldningar vil få støtte til eit straumforbruk opp til 5000 kWh av sitt månadlege forbruk
  • Ordninga skal gjelda frå og med desember 2021 til og med mars 2022. Januarrekninga er den første som vert påverka.
  • Når marknadsprisen på kraft i gjennomsnitt går over 70 øre/kWh for ein månad, vil staten kompensera halvparten av prisen over dette nivået.
  • Deler staten betaler for kjem som ein rabatt på rekninga frå nettselskapet eller straumleverandøren.
  • Ordninga er venta å koste staten omlag 5 milliardar kroner.
  • Ordninga vert lagt fram i proposisjon til stortinget " så fort som mogleg"
  • Kva støtta faktisk blir avheng av kor mykje straum hushaldninga brukar og kva kraftprisen utviklar seg i det område man bur.

Døme

  • For ein hushaldning i einebustad som bruker 2380 kWh i desember, kan ordninga bety ei støtte på 1025 kroner denne månaden. I reknestykker er det nytta ein eksempelpris for kraft i Sør-Norge for desember tilsvarande 120 øre per kilowattime.
  • For ein hushaldning som bur i leiligheit og brukar 1336 kilowattimer i desember, vil ordninga bety ei støtte på 418 kroner.

Kjelde: regjeringen.no