regjeringa pressekonferanse krisepakke'

 

Støtteordning

Staten vil gi ei støtte til hushaldningskundar. For desember vil kunden få dekka 55% av snittprisen på straum som overstig 70 øre/kWh (87,5 øre/kWh m/mva). Støtta gis opp til eit forbruk på 5000 kWh. For vårt prisområde (NO2) vart støttebeløpet i desember berekna til 73.62 øre/kWh. RME vil publisere støttestasane på denne sida

Varslar auka støtte

Regjeringa har varsla at dei vil føreslå for stortinget å auke prosentsatsen frå 55% til 80% gjeldande frå 1. januar 2022.

Hytter/fritidsbustadar og næring er ikkje omfatta av ordninga, men det er varsla at det skal finnast løysingar for gardsbruk registrert som næring og sameige/burettslag. Desse vil få støtta utbetalt i etterkant (truleg på februarrekninga).

Kven får støtte

Me har tatt utgangspunkt i opplysningar om abonnementet som ligg i systemet vårt når støtta er berekna. Om du ikkje har fått støtte og meinar at du har krav på dette må du ta kontakt med oss i Bømlo Kraftnett. Det kan vera feil i våre system når det gjeld defineringa av kva bygninga vert brukt til. Oftast vil feilen vera at me har klassifisert abonnementet som fritidsbustad eller næring, medan bruken er hushaldning. Om det er tvil om kva anlegget vert brukt til, vil me bruke opplysningar registrert i matrikkelen. Det er og mogleg å klage til RME på vår klassifisering.

Korleis vert støtta utbetalt?

Har du både straum og nettleige frå selskap i Finnås kraftlag konsernet, vil støttebeløpet bli trukke frå på denne fakturaen.

Har du annan framandleverandør på straum, vil beløpet bli trukke frå på nettleigefakturaen. Om beløpet overstig fakturert nettleige, vil pengane bli utbetalt til den kontoen som dei tre siste innbetalingane er komne frå. Er du ein slik kunde og har nyleg endra bankkonto, må du ta kontakt med vårt kundesenter.

Kva får eg i støtte?

Du kan finne ut kva du har fått eller får i støtte på Bømlo kraftnett si "mi side". Rekningar som er ferdig produsert finn ein under fakturaoversikt. Funksjonen "prøvefaktura" som ein finn under menyen "Faktura" når ein klikkar på hamburgermenyen oppe til høgre, vil vise påløpte kostnadar og rabatt i inneverande månad fram til gårsdagens dato. På grunn av at auka støtteprosent for januar ikkje er vedtatt enda, er ikkje denne satsen oppdatert i berekninga. Endeleg beløp på støtta er heller ikkje klar før månaden er over, då den er avhengig av snittprisen på straum. Førebels er lik pris som for desember brukt i berekninga.

Prøvefaktura

Kjelde: NVE  og regjeringen.no