Norgespris
Sidan 24. september 2025 har du kunna bestilt Norgespris på Elhub Min side. Alle som bestilte i perioden 24. september til og med 1.oktober fekk Norgespris frå 1. oktober. Dersom du bestiller seinare vil du få Norgespris frå den datoen du bestiller.
Informasjon om Norgespris på Elhub.no:
Det er mogleg å logge seg inn i bestillingsportalen med ID-Porten. Der får ein informasjon om korleis Norgespris ville ha påverka straumrekninga tidlegare år. Dette vil vera nyttig når hushaldninga di skal ta stilling til om ein skal bestille Norgespris eller ikkje.

Fakta om Norgespris:
- Norgespris kan bestillast via Elhub si Mi side
- Norgesprisen som gjeld frå 1. oktober 2025 og ut året 2026 er satt til 50 øre/kwh.
- Fastpris, men ikkje alt er inkludert - nettleige og påslaget til kraftavtalen kjem i tillegg
- Norgespris er ikkje ein straumavtale, men ein statleg prissikringsordning
- Du må velgje mellom Norgespris eller straumstøtte
- Dersom du ikkje vel å inngå Norgespris vil du automatisk få straumstøtte som i dag
- Norgespris binder adressa til ordningen ut 2026 (uansett om du er eigar eller leigetakar)
- Nettselskapet handterar ordninga på same måte som straumstøtta
- Norgespris kan ein inngå for både bustadhus og fritidshus
Nedanfor finn du meir utfyllande informasjon om Norgespris:
