Forord

1946 var eit år med optimisme og pågangsmot. Det var fred etter fem års krig. Landet var utarma, men i fridom skulle gjenreisinga byrja. I denne tid hadde me i vår kommune personar som kunne sjå framover og hadde større perspektiv på den utvikling som ein då såvidt kunne sjå konturane av. Ein føresetnad for større velferd og ei positiv utvikling av vårt samfunn var utviklinga av elektrisk kraft som energikjelde. Dette såg dei personar som stod bak etableringa av Finnås Kraftlag. Desse personane var med og la grunnlaget for ei utvikling av vårt samfunn som me berre kan samanligna med den industrielle revolusjon i førre århundre.

Det er sjølvsagt vanskeleg å tenkje seg uviklinga utan desse pionerane. Styret vil med denne boka heidra desse føregangsmenn og dei som i desse 50 år har hatt sitt daglege arbeid i kraftlaget. Det er deira innsats, arbeid og slit me i dag kan hausta fruktene av. Dette set krav til vår tid om å ta vare på og utvikla dei verdiar som er skapt. Det er og styret sitt ynskje at boka kan bidra til ei auka interesse for kunnskap om vår nære fortid der ein har freista å setja Finnås Kraftlag inn i ein større samanheng av hendingar og forandringar i vår kommune.

For å forstå vår samtid er det viktig å kjenna vår historie. Me har difor ei plikt til å ta vare på og dokumentera vår kunnskap om det som har hendt i vår nære fortid. Kunnskap om fortida skal vera med å setja kursen for framtida. Den som har ei grundig forståing av hendingar i fortida kan berre ta dei rette avgjerslene i framtida.

Me ynskjer lesaren lukka til og vonar ein finn glede i å sjå attende på dei hendingar som har. prega oss i dei første 50 år av Finnås Kraftlag si historie.

Styret vii retta ei takk til forfattaren, Einar Richter Hanssen, som har gjort eit godt og grundig arbeid. Vidare vii styret takka dei som har vore med i komiteen for arbeidet med dette hstoriske  skriftet: Nils Gunnar Gloppen, Nils Kolle, Finn Bakke, Anders Legland og Tore Lande Moe. Likeeins takk til Arnfinn Folgerø som har vore språkleg rådgjevar.

For styret i Finnås Kraftlag (1996)
Anders Legland
Formann