Styresmaktene har definert eit "svært langvarige avbrot" å vara i meir enn 12 timar. Dei har vidare gruppert svært langvarige avbrot inn i tre kategoriar, med desse erstatningssatsane:
a) Kr. 600,- for avbrot til og med 24 timer, b) kr. 1.400,- for avbrot over 24 timer til og med 48 timer, c) kr. 2.700,- for avbrot over 48 timer til og med 72 timer.
For avbrot ut over 72 timar skal det ytast eit tillegg på kr. 1.300 for kvar nye påbegynte tjuefiretimars periode avbrotet varer.
Kravet må framjast til oss innan rimeleg tid etter avbrotet, helst innan 14.dagar.
Føresetnaden for å få erstatning er at me som nettselskap kjende til eller burde ha kjent til avbrotet.
Erstatningsplikta gjeld og fritidsbustader For fritidsbustader kan eit samla årleg krav ikkje overstiga forventea innbetalt nettleige for inneværande år. Forventa innbetalt nettleige er forventa årsforbruk i kWh multiplisert med gjeldande sats for energileddet, i tillegg til fastleddet.