Ny straummålar

Innan 1.1.2019 skal alle ha fått ny automatisk straummålar. Meir informasjon finn du nedanfor.
På fagspråket vert dette kalla AMS, som er ei forkorting for avanserte måle- og styringssystem. Dette er ny teknologi som inneber digitalisering av straummålinga.

1. Kva er ein automatisk straummålar?

Ein automatisk straummålar er ein digital målar som registrerer straumforbruket ditt og sender resultatet til nettselskapet automatisk, så du slepp å lese av målaren sjølv. Det er ein boks som erstattar straummålaren du har i dag.

2. Kva kan ein automatisk straummålar gjere?

Målaren registrerer straumforbruket ditt kvar time og sender informasjonen til nettselskapet. Det sikrar at straumforbruket ditt blir rett målt. Målaren gjer det mogleg å lokalisere straumbrot hos deg, slik at vi får retta feilen raskare. I tillegg blir det lettare å følgje med på straumforbruket, og dermed blir det enklare å spare straum. Dersom du ønskjer det, kan målaren koplast opp mot energistyringssystem, som til dømes regulerer varmen og styrer trykkvarmaren. Du bestemmer sjølv om du ønskjer å ta i bruk energistyring, og kan fritt velje leverandør av denne typen tilleggsutstyr.

3.    Kven får ny automatisk straummålar?

Alle nettkundar, private hushald, fritidshus/hytter, burettslag, bedriftskundar og offentlege institusjonar i Noreg får ny automatisk straummålar innan 1. januar 2019.

4.    Kvifor får eg ny straummålar?

Straumnettet i Noreg skal moderniserast, og nye automatiske straummålarar er eit viktig element når infrastrukturen skal utviklast. Med automatiske straummålarar får Noreg eit sikrare og meir fleksibelt straumnett, og behovet for å byggje ut nettet i framtida blir redusert.

5.    Kven har bestemt at nettkundane skal få nye automatiske straummålarar?

Det er myndigheitene som har bestemt at alle straummålarane skal bytast ut med nye automatiske straummålarar. Dette er den største moderniseringa av straumnettet i Noreg på over 100 år.

6.    Når kan eg få ny automatisk straummålar?

Du får ny straummålar innan 1. januar 2019. Vi begynner å installere dei første straummålarane hausten 2016. Detaljert oversikt for dei ulike montasjeområda vil liggje føre på eit seinare tidspunkt. Du får informasjon i god tid før vi kjem og byter målaren din.

7.    Kva må eg gjere for å få ny straummålar?

Du får informasjon frå nettselskapet ditt i god tid før målaren din skal bytast. Det einaste du må gjere, er å vere heime når montøren kjem for å installere den nye målaren.

8.    Må eg byte målar?

Myndigheitene har bestemt at alle nettkundar skal få nye automatiske straummålarar. Det har fleire fordelar for deg som kunde.

9.    Kva er fordelane med ein automatisk straummålar?

  • Det er enklare for deg, for du slepp å lese av straumen.
  • Det er tryggare for deg, for nettselskapet får betre informasjon ved straumbrot og kan rette feil raskare.
  • Du får betre og meir detaljert oversikt over straumforbruket ditt.
  • Målaren registrerer kontinuerleg straumforbruket ditt og kan om ønskjeleg koplast opp mot energistyringssystem. Du står fritt til å velje leverandør av denne typen tilleggsutstyr.

10.    Er det plass til den nye målaren i sikringsskapet mitt?

Dei fleste vil ha plass til den nye måleren i sikringsskapet, som regel er det ein straummåler der frå før. I dei få tilfella sikringsskapet er for lite for den nye målaren, vil me i samråd med den enkelte kunden finna ei løysing.

11.    Må eg betale for den nye målaren og for å få installert han?

Du får ingen faktura for installasjon av den nye automatiske straummålaren. Denne oppgraderinga er ein del av det du betaler for gjennom nettleiga, på same måte som anna utbygging og vedlikehald av straumnettet.

12.    Er det fare for at uvedkommande kan få tilgang til måleverdiane frå dei automatiske straummålarane?

Faren for at uvedkommande skal «hacke» seg inn på systemet ved automatisk målaravlesing, er ikkje større enn risikoen for at nokon skal ta seg ulovleg inn i nettbanken din. Saman med myndigheitene skal vi sørgje for å sikre utstyret best mogleg mot «cyberangrep» og misbruk av personvernet. Her vil vi leggje stor vekt på råda frå Datatilsynet. Vi følgjer utviklinga nøye og skal sjå til at datatryggleiken er best mogleg vareteken i det nye systemet.

13.    Eg er redd for stråling, medfører den nye automatiske straummålaren strålefare?

Den automatiske straummålaren med tilhøyrande kommunikasjonsutstyr ligg langt innanfor fastsette grenseverdiar for stråling og tilfredsstiller alle offentlege krav. Du finn informasjon om strålefare på nettsidene til Statens strålevern.

14.     Eg er el-sensitiv. Må eg byte målar?

El-sensitive som har legeerklæring, får behalde den gamle målaren sin og treng ikkje å byte til automatisk straummålar. Du kan sende skriftleg søknad om fritak til nettselskapet ditt. Alle søknader blir behandla individuelt. Hugs å leggje ved legeerklæring.

15.    Eg har allereie ein automatisk straummålar, må eg byte målar?

Nokre få av kundane våre har automatiske straummålarar. Dei nye målarane har ein meir avansert teknologi og vil erstatte eldre målarar. Derfor får alle nye målarar.

16.    Kven skal produsere dei nye automatiske straummålarane?

Kven som skal levere dei nye målarane, er ikkje bestemt enno. Leverandør blir vald i løpet av hausten.

17.    Kven skal montere dei nye målarane?

Nettselskapet leiger inn personell som skal montere dei fleste målarane. Kva selskap det blir, er ikkje bestemt enno. Forhandlingar med aktuelle montasjeleverandørar er i gang. Du får informasjon om kven som skal montere automatisk straummålar hos deg, i god tid før målarbytet.

18.    Kva betyr AMS?

Dei nye straummålarane blir av og til kalla AMS. AMS er ei forkorting for avanserte måle- og styringssystem. I kundekommunikasjonen vår bruker vi utrykket automatiske straummålarar.

19.    Kva må eg som kunde bidra med for at de skal få kontakt med meg?

For at vi skal kunne nå deg med viktig informasjon og kunne avtale tidspunkt for å byte straummålar hos deg, er det svært viktig at vi har rett telefonnummer, mobilnummer og e-postadresse.
Gå inn på Din kundekonto for å kontrollere og oppdatere desse opplysningane.

20.    Korleis vil de overføre målardata?

Det er ein radiosendar i målaren som sender verdiar til mottakarar hos nettselskapa på fastsette tidspunkt. Dei fleste målarane vil sende på radiofrekvensar som er avsette til dette. I nokre område vil vi bruke mobilnettet.

21.    Kven skal montere dei nye målarane?

Nettselskapet leiger inn personell som skal montere dei fleste målarane. I nettområdet ditt er det OneCo som skal utføre jobben. Montøren skal vise legitimasjon. Du vil bli opplyst om tidspunktet for monteringa i god tid før målaren skal bytast. Du kan få ny avtale viss tidspunktet ikkje passar.

22.    Eg har gamle skrusikringar. Må eg byte til automatsikringar for å få automatisk straummålar, eller bytar nettselskapet til automatsikringar når dei bytar målar?

Nettselskapet bytar berre straummålaren. Sikringstypen (automatsikring eller skrusikring) har ikkje noko å seie for byting av målaren.
Sikringane er ein del av det interne elektriske anlegget i bustaden og kunden sin eigendom. Viss kunden ønsker å byte til automatsikringar, må han/ho ta kontakt med ein elektrikar og koste byte til automatsikringar sjølv, men som sagt er det ikkje naudsynt å byte sikringar for å få automatisk straummålar.