Melding om oppstart av gravearbeid

For å betra leveringstryggleiken i straumnettet på Foldrøy, og for å frigjera traséar for bygging av ny veg Stokkabekken – Siggjarvåg, må Finnås Kraftlag grava grøft for ein ny høgspentkabel mellom transformatorane Foldrøy aust og Foldrøyfeltet nord. Oppstart vert i løpet av veke 48.

 

Vedlagt kartskisse syner traséen for kabelen (klikk på bildet for større format).

Gravearbeidet er sett bort til Ellingsen Transport as på Rubbestadneset. Oppstart vert i løpet av veke 48.

Det kan verta kortvarige stengingar i Hamnavegen, og det kan bli ståande maskinar og kabelmateriell langs grøfta. Enkelte innkøyrsler kan bli kortvarig stengde.

Arbeidet er venta avslutta seinast veke 3 i 2015. Kontaktperson hjå Finnås Kraftlag vert Ståle Mæland, tlf 97555922.

Me håpar at ulempene prosjektet medfører vert overkommelege, og seier oss leie for umaken det medfører i byggetida. Me er likevel overtydde om at arbeidet på sikt vil vera til nytte for heile Foldrøykrinsen.