Tariffar for nettleige 2017

 

 

- Fullstendig nettariff 2016

- Fullstendig nettariff 30.6. - 31.12.2015

- Fullstendig nettariff 1.1. - 30.6.2015

Utdrag av tariffane gjeldande frå 1. januar 2017

Nettleiga er det du må betale for å vera tilknytt straumnettet. Den skal dekke kostnadane både i lokalnettet, regionalnettet og sentralnettet og sikre stabil og sikker straumforsyning. Desse kostnadene er hovudsakleg knytte til investering, drift og vedlikehald, måling, fakturering, kundeservice og vaktberedskap. Finnås Kraftlag SA har vaktordning døgnet rundt, heile året og er klar til å rykkje ut om det oppstår feil.  Visjonen vår er: Me e’ der når nåke skjer !

Det er NVE (Noregs vassdrag og energidirektorat) som avgjer kor mykje Finnås Kraftlag samla kan ta inn i nettleiga (inntektsramme). Tariffen er rekna ut med utgangspunkt i denne inntektsramma, deretter har ein lagt på ulike avgifter, og til slutt trekt i frå rabatten.


Privatkundar 

Prisar inkl. bidrag til energifondet (ENOVA), forbruksavgift, mva. Rabatt er trekt i frå.

Kundegruppe privat

Tariff

Fastpris

Energi-
pris øre/kwh

Merknad

 Vegljos og liknande  H1
 
575 kW/år 48,93  
 Hushald, fritidshus, naust m.m.  H4
 
2 875 46,61  Maks h.sikr. 80A
 Mindre anlegg (forbruk < 1000 kWh)
 
 H5 950 218  Maks h.sikr. 25A

 

Næringskundar 

Prisar eks. forbruksavgift og mva. Rabatt er trekt i frå. (ENOVA er innarbeidd i fastledd)

Kundegruppe næring

Tariff

Fast-
pris

Energi-
pris

 Effekt
vinter
kr/kW/mnd

 Effekt
sommar
kr/kW/mnd

Merknad

 Næringskundar
 med effektmåling
 T3 9800 12,94 63 51  < 100kW
42 31  100-200 kW
31 10  > 200 kW
 Næringskundar
 utan effektmåling
 T4 3100 21,25     Maks h.sikr. 125A/230V
 80A/400V


For alle tariffar:

Finnås Kraftlag tilbyr tidsdifferensierte tariffar med bindingstid på heile år (12 mnd). 

Avgifter:

Forskrift om innbetaling av påslag på nettariffen til Energifondet, vert endra frå 01.01.2013. For hushaldsforbruk skal påslaget utgjere 1 øre/kWh. For andre sluttbrukarar enn hushald skal påslaget utgjera 800 kr/år per målepunkt-ID.  Avgifta på 800 kr er innarbeid i fastleddet på tariffen. Forbruksavgifta vert auka til 16,32 øre/kwh eks mva. Meirverdiavgifta er 25%. 

Oppmøte- / opningsgebyr ved betalingsmisleghald

Dersom anlegg vert kopla frå pga betalingsmisleghald, må kunden dekke dei reelle kostnadene med stenginga (oppmøte-/opningsgebyr) avgrensa opp til kr 1500,- i normal arbeidstid, og kr 2500,-utanom normal arbeidstid.

Rett til å krevje utbetaling ved svært langvarige avbrot :

Som kunde har du rett til å krevje utbetaling ved svært langvarige avbrot, jfr § 9A-2 i kontrollforskrifta.

Svært langvarige avbrot er definert som avbrot som varer i meir enn 12 timar, og storleiken på beløpet er:
a)    Kr 600 for avbrot til og med 24 timar,
b)    Kr 1.400 for avbrot over 24 timar og til og med 48 timar
c)    Kr 2.700 for avbrot over 48 timar til  og med 72 timar.

For avbrot ut over 72 timar skal ein gje eit tillegg på kr 1.300 for kvar nye påbegynt 24-timars periode som avbrotet varer.