Forbruksavgift for elektrisk kraft

Finnås Kraftlag har ansvar for å krevje inn forbruksavgift for elektrisk kraft (elavgift) på vegne av Toll- og avgiftsdirektoratet.

Reglane for forbruksavgift i korte trekk:

  • Hushald og næringskundar betalar generelt full avgift på 14,15 øre/kWh (eks. mva.).
  • Bedrifter med næringskode 5 - 33 (SN2007) betaler redusert avgift på 0,45 øre/kWh (eks. mva).
  • Redusert avgift gjeld berre for forbruk i sjølve produksjonsprosessen.
  • I nokre særtilfelle gis det fritak frå forbruksavgift, dette er nærmare forklart i Tolldirektoratets rundskriv (sjå lenke under).
  • Alt forbruk som ikkje brukast i produksjonsprosessen reknast som brukt til administrasjon.
  • Forbruk til administrasjonsbygg skal belastast med full forbruksavgift.
  • Når fleire typar verksemder ligger bak same måler skal det foretas ei fordeling på dei ulike avgiftssatsane.
  • Kunden må på eige skjema dokumentere retten til redusert avgift.
  • Kunden må på eige skjema dokumentere retten til avgiftsfritak.
  • Bedriftene er sjølve ansvarlig overfor Toll- og avgiftsdirektoratet for å betale korrekt avgiftssats.

Nærmare informasjon finn du på www.toll.no, direkte link finn du her ...

Om de meiner å ha rett på avgiftsfritak eller avgiftsreduksjon, må de sende inn skjema ”eigenfråsegn om rett til redusert forbruksavgift”, eller ”eigenfråsegn og rett til fritak av forbruksavgift”. Me minner om at det ikkje er høve til å krevje redusert avgift tilbake i tid.

Ved spørsmål om forbruksavgift,  ta kontakt med Helga Knutsen (klikk på namnet).

Skjema for å dokumentera rett til redusert avgift finn du her ...

Skjema for å dokumentera fritak for forbruksavgift finn du her ...