Det Lokale El-tilsyn (DLE)

E-verk/nettselskap er, med heimel i Tilsynsloven, pålagt å føra tilsyn innafor forsyningsområdet sitt.

Det Lokale El-tilsyn ved e-verket/nettselskapet er derfor ein del av det offentlege tilsynsapparatet for elsikkerheit, og utøver tilsyn etter retningslinjer gitt av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Det lokale el-tilsynet (DLE)

  • førar tilsyn med alle elektriske lågspenningsinstallasjonar som er tilknytta e-verkets/nettselskapets forsyningsanlegg
  • førar tilsyn med omsettinga av elektrisk utstyr innafor everket/nettselskapet sitt forsyningsområde
  • utførar tilsynet sitt etter rammer frå DSB og er pålagt å rapportera til regionen om planlagte tilsynsaktiviteter og resultat
  • gir råd om bruk og vedlikehald av elektrisk anlegg og utstyr og informerar om årsaker til brann og ulykker forårsaka av elektrisk straum
  •  foreta stikkprøvekontroller av elektriske anlegg og utstyr i boliger og andre bygninger
  • kontrollera at verksemder som omset elektrisk utstyr, gjer dette i henhold til lover og forskrifter, og at utstyr som vert tilbydd, har eit akseptabelt tryggleiksnivå
  • kontrollera at  installatørar som monterar anlegg, har naudsynt kompetanse og rutinar for å utføra dette på ein trygg måte
  • informera alle typer verksemder om at det er naudsynt å ta el-tryggleik med i dei interne kontrollrutinar slik at tryggleiken for dei tilsette vert betra, og faren for materielle skadar vert redusert
  • kontrollera og følgja opp alle institusjonar og verksemder som nyttar elektromedisinsk utstyr i det daglege slik at tryggleiken vert betra både for pasienter og pleiepersonell
  • bistå politiet ved brann- og ulykkesetterforskning
  • informera skuleungdom  og andre om el-tryggleik. Alle 5., 6. og 9. klassar får tilbod om at det lokale el-tilsynet kjem på besøk èin gang årleg.

Dersom du ønskjer å komma i kontakt med Det Lokale El-tilsyn kontakt

Finnås Kraftlag SA
Hollundsdalen,
5430 Bremnes
Tlf: 53 42 89 00. Fax: 53 42 89 01

eller tilsynsingeniør Reidar Haugland, tlf. 53 42 89 09


På elsikkerhetsportalen finn du
god og nyttig informasjon: