Erstatning ved langvarig straumstans

Me jobbar heile tida for at du skal ha ei sikker og god straumforsyning. Likevel kan det skje at straumen blir borte over kortare eller lengre tid av ulike årsaker. Skulle eit avbrot vara svært lenge, dvs meir enn 12 timar, har du krav på erstatning frå oss for dei ulempene straumstansen påfører deg.

Ulempeserstatning

Styresmaktene har definert eit "svært langvarige avbrot" å vara i meir enn 12 timar. Dei har vidare gruppert svært langvarige avbrot inn i tre kategoriar, med desse erstatningssatsane:

a) Kr. 600,- for avbrot til og med 24 timer,
b) kr. 1.400,- for avbrot over 24 timer til og med 48 timer,
c) kr. 2.700,- for avbrot over 48 timer til og med 72 timer.

For avbrot ut over 72 timar skal det ytast eit tillegg på kr. 1.300 for kvar nye påbegynte tjuefiretimars periode avbrotet varer.

Kravet må framjast til oss innan rimeleg tid etter avbrotet, helst innan 14 dagar, og kan meldast via det elektroniske skjemaet som du finn her og som kan sendast inn via nettet eller på skjemaet du finn her som kan skrivast ut og leverast eller sendast til Finnås Kraftlag.

Føresetnaden for å få erstatning er at me som nettselskap kjende til eller burde ha kjent til avbrotet.

Erstatningsplikta gjeld og fritidsbustader. For fritidsbustader kan eit samla årleg krav ikkje overstiga forventa innbetalt nettleige for inneværande år. Forventa innbetalt nettleige er forventa årsforbruk i kWh multiplisert med gjeldande sats for energileddet, i tillegg til fastleddet.

Søknadsskjema finn du her >>>