Energiutgreiing

Utarbeiding av lokale energiutgreiingar skal hjelpa til med å auka kunnskapen om lokal energiforsyning, stasjonær energibruk og alternativ på dette området, og slik vera med på ei samfunnsmessig rasjonell utvikling av energisystemet.

Formålet med energiutgreiinga er først og fremst å skaffa fram eit faktagrunnlag om energibruk og energisystem i kommunen. Dette materialet er forventa å danna grunnlag for vidare vurderingar, og slik sett vera utgangspunktet for å utarbeida eit betre vedtaksgrunnlag for kraftlaget, kommunen og andre lokale energiaktørar.

Energiutgreiinga for Bømlo kommune 2010 er utarbeidd av Finnås Kraftlag. Utgangspunkt for denne planen er tidlegare utarbeidde energiplanar frå 2003 og 2007(IFER).

Krava i forskriftene for energiutgreiing seier at kommunane skal utarbeide klima- og energiplan, som del av prosessen med arealplanlegging.

Krava seier vidare at energiselskapa skal utvikla og driva nett for distribusjon av elektrisk kraft, og også bidra med faktagrunnlag for ein slik rapport i ei Energiutgreiing.

Målsettinga med planarbeidet er å bidra til å oppnå overordna nasjonale energimålsettingar, betra samarbeidet mellom kommune og energiselskap i å etablera samfunnsmessig rasjonell energiforsyning og gje god informasjon som grunnlag for rette beslutningar.

Som vedlegg til rapporten finn du m.a.:

- Tabell med statistikk for bruk av elektrisk energi, frå Finnås Kraftlag
- Tabell med historisk energibruk, fordelt på ulike brukargrupper 2004 – 2008
- Tabell over forventa utvikling i energibruk for ulike energiberarar fram til 2030
- Tabell over forventa utvikling i energibruk for ulike brukargrupper fram mot 2030
- Kort om aktuelle teknologiar
- Kort om energiøkonomisering
- Alternative varme/energiløysingar
- Ordforklaringar

Les heile planen her >>>

(pdf som opnar i nytt vindu).

Referat frå møtet finn du her >>>