Skogrydding / linjerydding

Kraftlaget er pålagt å driva linjerydding. Forskriften krev dette ut frå omsynet til sikker kraftlevering og persontryggleik. Difor driv me heile året eit omfattande arbeid i traseane for både høgspent- og lågspentlinjer. Etter retningslinene våre gjer me opp alt trevyrket og legg det att i traseen. Hogstavfall blir liggjande att i utmarksområder, medan det vert oftast fjerna i innmarksområder og i private hagar.

Me annonserer linjeryddinga i lokalavisa, og tar i tillegg kontakt med grunneigar før me fell tre i private hagar.

Dersom du sjølv ynskjer å fella tre som står nær ei kraftlinje, kan du kontakta oss for å få råd eller hjelp til felling.

Hugs at dersom du fell eit tre som kjem nær ei høgspentlinje vil du lett vera i livsfare. Du må visa stor varsemd i slike høve. Ta kontakt med oss for å unngå skade på deg sjølv eller andre, og på linja.