Ny nettkunde

Ynskjer du å knyta deg til nettet vårt med bustad, naust eller anna, er framgangsmåten slik:

  • Ta kontakt med oss slik at me kan avklara om det er nett i det området du skal byggja. I nokre område kan det vera aktuelt å berekna anleggsbidrag.

  • Du nyttar ein godkjend installatør til å førestå den elektriske installasjonen i bygget. Han sender ei førehandsmelding til oss før arbeidet startar. Denne meldinga inneheld dei viktigaste detaljane om installasjonen.

  • Me utvekslar ein del teknisk informasjon med installatøren som grunnlag for installasjonen.

  • Me sendar då ut skjema for søknad om tilknyting vedlagt gjeldande standard avtale. Kunden skal fylla ut dette skjemaet, og returnera det til oss.

  • Når installasjonsarbeidet er ferdig og klart for tilknyting, sender installatøren ei ferdigmelding til oss.

  • Me monterar så målar og knyter til anlegget, og sender faktura på tilknytingsavgift.

Me står gjerne til teneste undervegs om huseigar / installatør ynskjer å drøfta detaljar for den praktiske utføringa av anlegget.