Gløymer du å levera målarstand

Gløymer du å levera målarstand?

Me har løysinga; registrer deg for bruk av sms teneste. Då får du varsling når det er på tide å levera målarstand.

Så enkelt er det via SMS

Målaravlesing via sms krev ikkje brukarnamn og passord. Når du først har registrert deg så treng du ikkje tenkja på kundenummer og målarnummer.

Registrer deg med mobilnummer. Etter første gangs registrering vil du seinare få varsling når det er tid for  levera inn målarstand og du kan levera målarstanden via sms.

Om du vil, så kan Finnås Kraftlag aktivera tenesten for deg.

Ta mobiltelefonen med deg til sikringsskapet, tast inn tala og send oss målarstanden direkte ved å svara på meldinga du fekk med påminning om avlesing. Du får kvittering på forbruk tilbake straks. Enklare kan det ikkje gjerast!

Registrering for bruk av denne tenesta. Send: FINN reg <kundenr> <målarnr> til 2258 (eks.: FINN reg 01065557 005678).

Når førstegongs registrering er utført, kan du ved seinare høve levera målaravlesing med å skriva: FINN <målarstand> og senda meldinga til 2258.

Andre måtar å levera målarstanden:

Forutan at du kan levera målarstanden via SMS så kan du sjølvsagt også levera målarstanden via

- Mi Side

- Vanleg telefon på 800 68 108

MI SIDE

Du kan og registrera målaravlesing via internettsida til Finnås Kraftlag, www.finnas-kraftlag.no, og velg Mi Side - ein menyknapp du finn oppe i toppmenyen.

TELEFON

Målaravlesing ved hjelp av fasttelefon er framleis like enkelt:

Ring 800 68 108. Stemma i telefonen hjelper deg gjennom registreringa.

Hugs å ha kundenummer, målarnummer og målarstand klart før du ringer. Med trådlaus telefon kan du gjera gjera alt frå sikringsskapet. Enkelt og greitt!