Informasjon om målaravlesing
Målaravlesing kvar månad
Den første i kvar månad er det målaravlesing. Både målartelefonen og Internettsida er opne for registrering ved kvart månadskifte.
Manglande målaravelsing
Ved manglande målaravlesing vil Kraftlaget stipulera eit forbruk. Stipulering over lengre tid er uheldig fordi dette kan verta misvisande i forhold til reelt forbruk. Me oppfordrar derfor deg som kunde til jamnleg målaravlesing.
Me visar her til kva som står i EnergiNorge sine standard avtalar.
"§ 5-2 Måleravlesning
Måleravlesning gjennomføres i samsvar med nettselskapets rutiner og gjeldende forskrifter.
Ved selvavlesning skal kunden så vidt mulig foreta avlesning og underrette nettselskapet i samsvar med de frister som er oppgitt av nettselskapet. Måleravlesning skal også gjennomføres ved leverandørskifte og ved opphør av leveranse.Dersom måleravlesning mangler, har nettselskapet rett til å fastsette nettkundens uttak skjønnsmessig. ...... "

